Saturday, December 30, 2006

Ei julesoge

Det var overmåte fint å kome heim til juleferie. Etter veker med eksamensstress og julegåvehandling, er det lite meir ein kan ønskja seg enn å synka ned i ein mjuke sofa, og sjå nevøer og nieser utforske huset. Eg trur me undervurderer evnene til små born. Tenk kor slitsamt det skulle vore dersom me måtte krype opp i sofaer som var 1,5 meter høge, eller drukke melk av glas store som blomsterpotter. Når det gjeld språket, lærer småborna fort nye ord, ofte ved å bruke nye ord som ein høyrer frå erfarne snakkarar, utan heilt å vite kva det skal bety. Ikkje ulikt oppgåveskrivande studentar.

Trass i at ein ikkje skal gjere noko bestemt i julens høytidsdager, er det med ei viss kjensle av misnøgde at ein begynner å vakne til liv og etter kvart stå opp ut på ettermiddagen. Nieser og nevøer har i mellomtida funne det for godt å ta seg ein middagskvil, og det er stille og fredelig i huset når ein loffer inn i stova, mens ein førebur seg psykisk til kommentarar av typen: ”Neimen, er du oppe alt nå?”, ofte fremført med et umiskjennelig flir. Eit par røynsler i ferien har dog gjeve meg litt betre sjølvbilde på akkurat dette området. Synet av dorske fluger som sit i dør- og vindaugskarmar, og knapt er interesserte i at de er i ferd med å bli kasta ut der kvikksølvet kryp under vatnet sitt frysepunkt, eller tilintetgjort av en drapsmaskin av en skosåle, og det interessante faktum at ei bjørnemor føder omtrent halveis i vintersøvnen, men likevel fortsetter luren til utpå våren før ho helser på sine nye etterkommarar, har fått meg til å innsjå at eg relativt til desse er som ein morgonfugl å rekne.

Jula som høgtid er ei fin tid. Lesing av Skarsaune si bok om Inkarnasjonen har faktisk vore nokså oppbyggjeleg, trass i at ho var noe innfløkt til tider. Kor stort det er at Gud blei menneske! Eg vil forøvrig oppmode folk til å lese sangen i margen til høgre. Eventuelle fjellhaugstudentar som ikkje har høyrt Kjebekk synge denne, bør og om mogleg snarleg søkje å få den framført av han. Det er ei mektig oppleving ein seint gløymer.

Her i Bjærum skulekrins er det ein lang tradisjon for å skyte jula inn på julaften, ei stund etter at pinnekjøtet har funne seg godt til rette i magen. I år var me på denne sida av myra først ute med å smelle nokre hagleskot og eit par nødrakettar, som etter kort tid vart respondert med nyårsrakettar og sporlys over stjernehimmelen frå andre kantar. Med øyresus og lukta av kruttrøyk i nasen kunne ein så gå inn igjen i stova, og fortsette å pakke opp gåver. Slikt blir ein aldri lei av.

Det blei ikkje kvit jul i Krossen i år.

Wednesday, December 13, 2006

Stemning

I dag hadde eg kjemieksamen. Det var ein utfordring. Det vart spurd om ein heil del fenomen som ein skulle forklare. Ifølge Einstein er fantasi betre enn kunnskap, og eg gjorde mitt beste for å prøve å hoste opp ei nogenlunde god forklaring på kvifor luftingcellekorrosjon berre er problematisk for jern, og ikkje kopar og aluminium. Kunsten er å vere så spesifikk at det ser ut som ein kan stoffet, og likevel formulere seg så generelt at ein ikkje seier noko gale. Og dersom det er ei kjerne av sanning i det heile, vert det rekna som bonus.

Eksamenstida er ei merkeleg tid. Optimalt sett skulle ein lest heile tida, men av ymse biologiske årsakar går ikkje det, for etterkvart må ein ete, sove, og etter ei stund vert hovudet trøytt. Håvard, som har to tunge mattefag i haust, illusterer dette på ein glimrande måte. Han er i ferd med å uttala bokstaven a. Det er uvisst om det er karakterambisjonen, a-en i mAtte, eller eit generelt uttrykk for trøyttsemd.

Ellers hadde eg eit gjensyn med Lucky Luke i dag. Då dansk sprog var tilgjengelig var dette å foretrekka, då det er eit umåtelege morosamt språk (blei tatt for å vera dansk i Molde for ca. 12 år sidan, skjønner ennå ikkje det). Lukern var fremdeles raskere enn sin egen skygge, Jolly var fremdeles spydig ovenfor produsenten, og humoren var den samme gamle som før:) Uansett godt med litt avveksling før mer eksamenslesing.

Monday, December 04, 2006

Spel, Johnny, spel!

Endeleg er det lyd i huset. For på lørdag fiksa eg cd-spelaren. Strengt tatt fungerer ikkje cd-spelaren nå heller. For å gjere ei kort historie lang, må me tilbake til i vår. Då vart minianlegget saman med resten av flyttelasset frakta i Hans Edvard sin Skoda frå Ila til Nardo. Då presterte nokre av cdane i spelaren å kjila seg fast, og resultatet vart stillhet, noko som ikkje var intensjonen min bak å slå på spelaren min i haust. Så då måtte ein skru frå kvarandre det japanske fabrikatet. Lett nok det, det som var litt dumt var at eg reiv ut eit par kablar eg ikkje fann ut kor skulle i igjen. I eit tappert forsøk på å finne det ut, skrudde eg laus eit kretskort, lukkeleg inkjeanande om at det var ein motor festa til dette. Resultatet vart sjølvsagt at strikken løsna og forsvann inn i maksineriet. Dette skjedde altså ved skulestart i haust, og då gadd eg ikkje meir, å la spelaren på hylla.

Men nå er det altså eksamenstid, altså gjer ein alt for å finne gode høve til å sleppe å lese pensum, noko dette blogginnlegget diverre også er eit resultat av. Så på lørdag vart geologien nedprioritert, og cd-vekslaren på ny sett under lampa. Med litt aktiv bruk av hushaldshyssing og assistanse frå Håvard, fekk eg underleg nok strikken på plass. Optimismen fekk på ny gode kår, men cd-spelaren fungerer stadig ikkje. Men hovudhensikten var egentlig bare å få liv i line-in-inngangen, som også vart sett ut av drift av den hasardiøse og tankelause reperasjonen i haust. Og den virker nå, og det er det viktigaste. Displayet har imidlertid tatt kvelden, så winamp lyt stå for dei grafiske gjøgleriene så lenge. Uansett, eg er nøgd!

Prekast