Saturday, March 03, 2007

Vannpipe og betong

Nå er det midtsemesterveker i Trondheim, ein slags vinterferieliknande sak. Dog heilt ferie er det ikkje, på onsdag hadde me betonglab. Småfascinerande greier, støypte ut ein liten klosse på 10x10x10 cm, som me testa styrken til i ein gigantisk maskin. Smarte sjeler vil sikkert reagere litt nå, og nei, me testa ikkje den klossen me sjølv støypte, men den som forrige gruppe laga for ei veke sidan. Den sterkaste betongen den pensjonerte trønderen på laben nokon gong hadde kokt saman, med vannreduserande stoff og jernmalm som tilslag, hadde tålt 300 tonn trykk for brudd! Ja, me snakker framleis om ein 10x10x10 cm stor kloss. Men nok om det.

Håvard har som kjent vore i Syden, å då klarte han heldigvis å kjøpa med seg ei vannpipa. Takk og pris for det. Nå er det altså vannpipe og djamming i ståvå her. Vegar har lært seg å spele gitar, Jon Arne har tatt med seg munnspillet, og dessuten har vi noen flere munnspill, piano, panfløyte ++ her, så det er god stemning, tross et ørlite musikalsk forbedringspotensiale.

Trykk på bildet for kineomatografisk opplevelse..