Wednesday, February 20, 2008

Tanzania

4. januar satt meg og 10 andre umb-studentar på flyet til Dar-Es-Salaam. Der skulle me delta på kurset ”tropisk feltøkologi” saman med elleve tanzanianske studentar.

Den første veka med forelesning var ikkje så spennande. Me var i eit klasserom med ekstremt mye ekko og bråkande takvifter. Då høyrsla mi i tilleg var plaga av dottar i øyro nokså mange dagar etter flyturen, vart utbytte av desse forelesningane litt redusert.

Villdyrsafari og skogsreservatbesøk fylde dei neste vekene. Det var gjildt!

Bøffler.



Skogstur i Miombi woodlands



Blacksmith lapwing



Kilimanjaro



Insekter observert i taket på ein nedlagt kraftstasjon. Dødelig ifølge usikre kilder.



Amani Mountain Rainforest



Mangrove-skog



Serengeti var turens høgdepunkt. Enorm stor slette, og tusener av dyr og fuglar. Her er nokon av dei.



Sekretærfulg



Struts



Marabou-stork. (Melkesjokoladefugl)



Løve



Grey Crowned Crane



Sebraer og gnuer



Praktstær



Mens me var i Serengeti overnatta me i eit hostell som låg ca 100 meter frå ein slags landsby, der det var ein restaurant, og nokre butikkar. På bussen den kvelden fekk me følgjande beskjed: ”Bruk hodelykt når dykk gjeng fram og tilbake her, så ser dykk augo på eventuelle dyr. Det er ein del hyener her, men dei er ikkje farlige, med mindre dei er i flokk. Er augo store som plommer og 25 cm i frå kvarandre, er det løve. Viss dykke ser ei løve, ikkje sjå ho inn i auga, men gå rolig bort. Men dei farligaste dyra her er egentlig bøflane, for dei er nokså hissige og vanskelige å sjå, også om dagen.” Fint å bli advart.

Dei hygieniske forholda på restauranten i Serengeti var nok så som så. Tre av oss vart sjuke, for min del var det andre gong på turen at det var oppkast og diare. Sidan eg fortsatte å kaste opp vann, vart eg etterkvart litt dehydrert. Då eg dessutan fekk kramper i magen vart eg plassert på eit adventistsjukehus den natta. Eg kom på dobbeltrom, og i den andre senga låg ein innfødt. Han spurte meg kva eg feila. Eg sa eg hadde vondt i magen, og spurde kva han feila. Han hadde tyfoidfeber og malaria. Akkurat då følte eg meg litt som ein pinglete mzungu (kviting).

I Serengeti møtte me ein dag ein buss som køyrte fryktelig fort vegstandarden tatt i betraktning. På veg tilbake same dag såg me den same bussen liggande i grøfta. Alle vindusrutene var knust. Hjulet hadde truffe ein stein, og sjåføren hadde mista kontrollen. Ein person hadde mista livet i ulukka. Dei andre passasjerane blei frakta til ”landsbyen” der med haldt til. Dei la seg til å sova på plassen utanfor restauranten, hostellet der me sov var antageligvis for dyrt for dei.

Den siste veka tilbrakte me på Zanzibar. Etter eit heller stressande program, var det herleg å ikkje gjere noko anna enn å bade, lese, drikke passion-juice, spele volleyball og bli solbrent.



Grillmarked



Stonetown



Helt ok strand



Foringsplass

2 Comments:

At 11:37 pm, Blogger Eirik said...

Konge. Du e jammen heldig du Jørgen, der sko eg likt å vært. Du så vel ut som en rosa elefant eller =). Ikkje enkelt med den der magen heller nei, men det finns vel alltids ein busk...

 
At 2:26 pm, Anonymous Anonymous said...

wow! detta såg jo heilt konge ut! så spennande å få vær med på noe sånt! velkommen tebake te sivilisasjonen;)

 

Post a Comment

<< Home