Wednesday, May 16, 2007

Nederlag av typen bittert

I dag er det 16. mai, fotballens nasjonaldag. IK Start skulle møte rbk på Lerkendal, og eg skulle sjølvsagt vere der å forhåpentligvis sjå gutane slå trøndarane ned i mokkasinane. Men før eg seier meir om den kampen, skal me ta eit tilbakeblikk på mitt forhold til rbk:

Så lenge eg kan minnast, med unntak av 05-sesongen, har rbk vunne serien. Dei har gjort tippeligaen kjedelig, rett å slett tatt bort spenninga. Eg lærte tidlig å hate rbk (jfr. kampropet "Lære å krabbe, lære å gå, lære å hate RBK!"), og grunnsannheter som at dommeren konsekvent dømmer for antatt gode lag (les : rbk) har eg alltid holdt for sann. rbk har kjøpt opp mange av profilane i norsk fotball, og solgt mange av dei vidare til utlandet med stor forteneste. rbk har for vane å ha flaks, og scorer gjerne mål på slutten av viktige kamper, fordi dommeren har lagt til for mykje overtid. Sånn er det. Og derfor hatar eg rbk.

Då eg høyrte at Start skulle komme til Lerkendal, vart eg glad. Endelig skulle eg få gje mi støtte til laget i mitt hjerte. At rbk tapte forrige serierunde mot Godset, gav håp om seier. Som nyinnmeldt medlem i fanklubben Heia Bortelaget, var eg klar med rosa t-skjorte, men den måtte diverre komme under ein genser grunna klimatiske forhold her nord. Eg hadde på førehand sagt til meg sjølv at hvis Start slår rbk, blir dette den nest største dagen i mitt liv, slått av dåpsdagen min, og muligens seinere slått av evt. bryllup eller misjonærinnvielse.

Slik gjekk det imidlertid ikkje. Det var trist å sjå kampen idag. Start spelte ikkje så bra, men 4-1 skjuler store mørketal. For det første skapte rbk nesten ingenting. av fire mål, kom to av dei på dødball, og to pga latterlige tabber i forsvaret til Start. Meget beklagelig. Start skapte ikkje veldig mange sjanser, men dei hadde nokre, og scorte bla. eit mål som blei annulert. Sikkert feilaktig, men det var på andre sida av banen, så det var vanskelig å sjå.

Mitt inntrykk av rbk blei ikkje nevneverdig betre av å sjå rbk live. Dei var flinke til å hindre Start i å spille fin fotball. Alle potensielle overganger blei konsekvent hindra med ulovlege middel, holding, taklinger osv!! Fillen, dei skulle hatt minst 5 gule kort av den grunn, men dei fekk berre eit.

Alt i alt var det ein trist dag på Lerkendal. Det var ikkje akkurat varmt å stå ute. 3-0 etter første omgang gav lite håp, og då DDE troppa opp og spelte "Nå går det så det suser!", var eg nesten på gråten. Heldigvis var det råd å trøysta seg med ein kopp kaffi.

Men for all del, Start gjorde ein kjempeinnsats i andre omgang. Men det er fint om dei vaknar litt før dei ligg under med fire mål i tida som kjem. Dykke kan hvis dykke vil.