Monday, December 04, 2006

Spel, Johnny, spel!

Endeleg er det lyd i huset. For på lørdag fiksa eg cd-spelaren. Strengt tatt fungerer ikkje cd-spelaren nå heller. For å gjere ei kort historie lang, må me tilbake til i vår. Då vart minianlegget saman med resten av flyttelasset frakta i Hans Edvard sin Skoda frå Ila til Nardo. Då presterte nokre av cdane i spelaren å kjila seg fast, og resultatet vart stillhet, noko som ikkje var intensjonen min bak å slå på spelaren min i haust. Så då måtte ein skru frå kvarandre det japanske fabrikatet. Lett nok det, det som var litt dumt var at eg reiv ut eit par kablar eg ikkje fann ut kor skulle i igjen. I eit tappert forsøk på å finne det ut, skrudde eg laus eit kretskort, lukkeleg inkjeanande om at det var ein motor festa til dette. Resultatet vart sjølvsagt at strikken løsna og forsvann inn i maksineriet. Dette skjedde altså ved skulestart i haust, og då gadd eg ikkje meir, å la spelaren på hylla.

Men nå er det altså eksamenstid, altså gjer ein alt for å finne gode høve til å sleppe å lese pensum, noko dette blogginnlegget diverre også er eit resultat av. Så på lørdag vart geologien nedprioritert, og cd-vekslaren på ny sett under lampa. Med litt aktiv bruk av hushaldshyssing og assistanse frå Håvard, fekk eg underleg nok strikken på plass. Optimismen fekk på ny gode kår, men cd-spelaren fungerer stadig ikkje. Men hovudhensikten var egentlig bare å få liv i line-in-inngangen, som også vart sett ut av drift av den hasardiøse og tankelause reperasjonen i haust. Og den virker nå, og det er det viktigaste. Displayet har imidlertid tatt kvelden, så winamp lyt stå for dei grafiske gjøgleriene så lenge. Uansett, eg er nøgd!

Prekast

0 Comments:

Post a Comment

<< Home