Saturday, June 24, 2006

Ymse

Etter 15 timer busstur- og togtur med stor og liten ryggsekk, stor bag og smørekoffert kom eg heim til Hægebostad igjen mandag 12. juni. Og etter eit par dager restitusjon, trening i å snakke brei hægebostaddialekt, eting av mat på dekka bord, og ein joggetur på ein heilt vanleg skogsvei som av festlig nok blir beskrevet som enestående vakker villmark av ein lokal feriebrosjyre, var eg klar til å tiltre i stillingen som sagfører ved Hamran Sagbruk og Høvleri.



Det beste med bygda er at her har ein tid og rom til å filosofere over kvardagen. Som arbeid, for eksempel, kvifor arbeider mennesket? For dei som ikkje har lese anekdote til senking av arbeidsmoralen, vil eg anbefale det på det sterkaste. Kvifor samle seg skatter på jord, når likskjorta likevel er utan lommer? For eigen del vart det endå meir innlysande kor patetisk det er å tilbringe timer med å samle skatter i ei digital fantasiverd, populært kalla Cyriodill. På den andre sida har historiar om gamle dagers dyrking av mark utan gravemaskinar og skogsarbeid med sag og øks, gjett meg ei kjensle av at det er mennesket si oppgåve å nytte naturen til å skaffe seg mat og tak over hovudet. Og til alle som vil legge ned bygde-Noreg, gje den hardt arbeidende bonde luselønn og kvele det lokale demokrati ved kommunesamanslåing: Skjerp dykke! Det ville vera tidenes tap av ekte norsk kultur dersom fleire gardsbruk må sjå seg nøyde til å leggje ned, og mange års arbeid med å skaffe matnyttige åkrar vil bli til fånyttes dersom jorda ikkje vert brukt og bare skal gro igjen. Dessutan viser nyare forskning at det er psykologisk sunt for menneske å bu på gard og ha ansvar for dyr.

Men tilbake med det med arbeid. For det er slåande kor mange timar det norske folk bruker til å slå plenar og jobbe overtid for å få råd til ein finare bil og hytte på fjellet. Til alle andre kristne der ute: Eg trur det er viktig å bevare litt fokus på Jesus og perspektiv på livet. Vi er kalt til å forkynne evangeliet, og ikkje til å bekymre oss for alle dagligdagse ting. Apropo evighetsperspektiv, eg må berre sitere Nils Kåre Bøe:”Der er ikke så farlig om NLM går litt i underskudd. Det er viktig å ha litt gjeld når Jesus kommer igjen.” Folkens, ikkje misforstå, det er viktig med givertjeneste. Men viktigere er misjonsoppdraget.

Dette vart ein heil del tekst, og ennå har eg ikkje nevnt gleda ved å sjå kor grøn verda er utanfor dei urbane strøk, symptoma på abstinenser ved å ikkje ha hyblementsbekymringar og oppgåver i matematisk fundamenterte fag, Tinget (Sørlandets eldste marked), ei St.Hans feiring brått avslutta pga. 10 opphøgd i 17 antall mygg angripande i IK Start sin hjørnespark-formasjon, den gongen i 1992 ein stokk på sagbruket gjorde eit sprang på omlag 15 meter og braste gjennom ein vegg etter å ha kilt seg fast i eit sagblad med taggehastighet på 244 km/h, turen til Kvinesdal der eg fekk sjå ingeniørkunst på den nye E 39 og staden der onkel sine sauer blei skotne av ein galning, og mykje meir. Skulle det skrivast ned, kvar ting for seg, då meiner eg at heile verda ikkje kunne røma alle dei bøkene som då laut skrivast. Dog den egentlige årsaken til at det ikkje er skrive her, er solidaritet til alle andre der ute som og surfer på den digitale veven med 56 kb modem.