Tuesday, October 02, 2007

Ås og omegn

Beklager manglande blogging dei siste månadene. Nå vonar eg å gjera det godt igjen med ein solid bloggpost. Det som har skjedd sidan sist, er at eg etter lang tid i tenkjeboksen beslutta å slutte på NTNU og byrje på UMB. Den tidligere landbrukshøgskulen liknar på ein gigantisk park, med flotte mursteinsbygningar i hjartet av universitetet, og moderne, meir eller mindre estetiske bygg rundt. Utkanten av campus er prega av ymse fjøsliknande bygningar, som konvergerer mot gardane som ligg spredd i området rundt. Såleis er det faktisk litt vanskeleg å seie eksakt kor grensa for universitetet går.

Utanom å studere, har eg blant anna besøkt ei østfoldbygd med namn Trøgstad. Målet for reisa var å berge livet til Halvard sin badestamp, som var trua av biologisk nedbrytning. Ei møysommelig tilbøyd trelist, to drillar med sandpapir og litt beis gjorde susen. Planen vidare er å utvikle konseptet litt, med å utstyre stampen med automatisk vedinnmatingsmaskin og ein sildrebekk langs mursteinspipa, begge drivne av ei 12V vasspumpe frå Biltema. Halvard hadde og eit orgel liggande i stabburet. Dette vart varsamt frakta til Oslo, der det saman med ein kontrabass og gitar skapte flott musikk.

På ganga i studentleiligheten her bur det folk frå fleire nasjonar. Blant anna har eg vorte godt kjend med ein tsjekker ved namn Ivan Cernek. Saman med han og to andre utvekslingsstudentar dro eg på tur forrige helg. Målet var Jotunheimen, nærare bestemt Galdhøpiggen. Sidan vinterdekka til min framhjulstrekte Toyota ligg heime i Hægebostad, måtte me førebu oss på at bilen ikkje ville vere i stand til å køyre heilt til Juvasshytta, der turen til Galdhøpiggen starta. Dermed måtte me stå opp kl 05.45 lørdag morgon, får så å gå 6 km til Juvasshytta før klokka vart 10. Å gå seks kilometer er ingenting for oss ”mountain people”, men det var ein del effektive minus, 20 % stigning, og ein motvind sterk nok til å blåse av Jan sitt patriotiske Slovakiaskjerf. Derfor var turen ei strabasiøs ferd, og det var så utruleg herleg å skimte Juvasshytta gjennom snøføyka. Derifrå skulle me saman med om lag 20 andre, som hadde vore smarte nok til å køyre opp på bar veg kvelden før, legge i veg til Galdhøpiggen. Som sagt var det litt vind den dagen, og eg misunna ikkje Ivan som for anledningen var iført ”ice-jeans” (jeans med ein isolerande lag med is utanpå) og ”navlecki” (tsjekkisk for gamasjar). Midt på isbreen, om lag halvegs til toppen, bestemte guidane seg for å snu, fordi vinden var for sterk til at det var forsvarleg å fortsetje. Litt surt var det, men det var uansett ein fantastisk tur og god stemning, så det gjorde egentlig ikkje så mykje. På veg ned igjen var Jan framleis litt molefonken for å ha mista Slovakiapropagandaskjerfet sitt. Til vår store forbauselse, mot alle odds og stokastiske sannsynligheiter, fann me skjerfet på veg ned igjen, fastfrose i snøen. Lukka i ansiktet til Jan var ubeskrivelig.

Og til helga skal eg heim til Hægebostad :)

0 Comments:

Post a Comment

<< Home