Saturday, October 27, 2007

Namn

Utfordret av Eirik

YOUR ROCK STAR NAME: (first pet & current car)
Joffe Corolla

YOUR GANGSTA NAME: (fav ice cream flavor, favorite cookie):
Pistasje Tapani

YOUR "FLY Guy/Girl" NAME: (first initial of first name, first three letters of your last name):
Jfid

YOUR DETECTIVE NAME: (favorite color, favorite animal):
Green Moose

YOUR SOAP OPERA NAME: (middle name, city where you were born)
Sigurd Farsund (Måtte låne pappa sitt mellomnavn..)

YOUR STAR WARS NAME: (the first 3 letters of your last name, first 2 letters of your first)
Fidjø

SUPERHERO NAME: (2nd favorite color, favorite drink put "The" first):
The Blue Cappucino

STRIPPER NAME: (the name of your favorite perfume/cologne, favorite candy)
Axe Kirsebærdrops

WITNESS PROTECTION NAME: (mother's & father's middle names )
Sigurd Marie

NINJA NAME: (generated on http://www.houseofninja.com/wuname.php
Desperate Mercenary

Utfordrer Eldar

Sunday, October 21, 2007

Helg

Eg har nå sett meg føre å fortelje litt frå denne helga som nå er over. På lørdag vaska eg bilen min, med det målet for auga å gje bilen eit skinnande ytre ved hjelp av voks. Sjølv om den utsjånadsmessige forbedringa var ovvettes stor, vart resultatet berre delvis godkjend. Åsaken til dette ligg fleire månader tilbake i tid. Det hende i dei dagar då eg studerte i Trondheim, Corollaen stod parkert i Blåklokkeveien to, og det var vår. Ein hekk av tre, hvis artsnavn meg er ukjend, gjorde den ugjerninga å drysse ein generasjon med frø ned på desse metallplatene som utgjer bilkarosseriet. I den travle studentkvardagen bekymra eg meg ikkje over dette, ja, eg tok knapt nok merknad av dette biologiske materialet, som, utan mitt samtykke, beslutta å etse seg fast i lakken. Etter iherdig vasking med alskens kjemikaliar vart betre, men dersom ein iakttek bilen med argusauge vil ein ennå kunne skimte grønfarge ymse stader på bilen. Men, for ein bil hvis levetid er bestemt av korrosjonshastighet og velvilje under EU-kontrollar, speler det ikkje noka stor rolle uansett.

På lørdag kveld reiste eg inn til Misjonssalen i Oslo. Det var faktisk Vegard, vår kjære teolog som er uenig med nlm i det aller meste, som foreslo å vitje denne storstova i hovudstaden. Det var denne kvelden Terje Forsberg som skulle fortelle si historie. Det var meget sterkt. Boka hans, "Aldri for sent å bli et lykkelig barn", har eg ikkje lest, men eg trur likevel eg vil driste meg til å anbefale den. Etterpå reiste eg, Vegard, Åge, Håvard og Arnfinn til Fjellhaug. Det vart stor mimrefaktor frå året med kristendom grunnfag då me såg kjente kjøkken, bordtennisbord og ikkje minst taket på studentheimen, med tidenes utsikt over byen.

Tuesday, October 02, 2007

Ås og omegn

Beklager manglande blogging dei siste månadene. Nå vonar eg å gjera det godt igjen med ein solid bloggpost. Det som har skjedd sidan sist, er at eg etter lang tid i tenkjeboksen beslutta å slutte på NTNU og byrje på UMB. Den tidligere landbrukshøgskulen liknar på ein gigantisk park, med flotte mursteinsbygningar i hjartet av universitetet, og moderne, meir eller mindre estetiske bygg rundt. Utkanten av campus er prega av ymse fjøsliknande bygningar, som konvergerer mot gardane som ligg spredd i området rundt. Såleis er det faktisk litt vanskeleg å seie eksakt kor grensa for universitetet går.

Utanom å studere, har eg blant anna besøkt ei østfoldbygd med namn Trøgstad. Målet for reisa var å berge livet til Halvard sin badestamp, som var trua av biologisk nedbrytning. Ei møysommelig tilbøyd trelist, to drillar med sandpapir og litt beis gjorde susen. Planen vidare er å utvikle konseptet litt, med å utstyre stampen med automatisk vedinnmatingsmaskin og ein sildrebekk langs mursteinspipa, begge drivne av ei 12V vasspumpe frå Biltema. Halvard hadde og eit orgel liggande i stabburet. Dette vart varsamt frakta til Oslo, der det saman med ein kontrabass og gitar skapte flott musikk.

På ganga i studentleiligheten her bur det folk frå fleire nasjonar. Blant anna har eg vorte godt kjend med ein tsjekker ved namn Ivan Cernek. Saman med han og to andre utvekslingsstudentar dro eg på tur forrige helg. Målet var Jotunheimen, nærare bestemt Galdhøpiggen. Sidan vinterdekka til min framhjulstrekte Toyota ligg heime i Hægebostad, måtte me førebu oss på at bilen ikkje ville vere i stand til å køyre heilt til Juvasshytta, der turen til Galdhøpiggen starta. Dermed måtte me stå opp kl 05.45 lørdag morgon, får så å gå 6 km til Juvasshytta før klokka vart 10. Å gå seks kilometer er ingenting for oss ”mountain people”, men det var ein del effektive minus, 20 % stigning, og ein motvind sterk nok til å blåse av Jan sitt patriotiske Slovakiaskjerf. Derfor var turen ei strabasiøs ferd, og det var så utruleg herleg å skimte Juvasshytta gjennom snøføyka. Derifrå skulle me saman med om lag 20 andre, som hadde vore smarte nok til å køyre opp på bar veg kvelden før, legge i veg til Galdhøpiggen. Som sagt var det litt vind den dagen, og eg misunna ikkje Ivan som for anledningen var iført ”ice-jeans” (jeans med ein isolerande lag med is utanpå) og ”navlecki” (tsjekkisk for gamasjar). Midt på isbreen, om lag halvegs til toppen, bestemte guidane seg for å snu, fordi vinden var for sterk til at det var forsvarleg å fortsetje. Litt surt var det, men det var uansett ein fantastisk tur og god stemning, så det gjorde egentlig ikkje så mykje. På veg ned igjen var Jan framleis litt molefonken for å ha mista Slovakiapropagandaskjerfet sitt. Til vår store forbauselse, mot alle odds og stokastiske sannsynligheiter, fann me skjerfet på veg ned igjen, fastfrose i snøen. Lukka i ansiktet til Jan var ubeskrivelig.

Og til helga skal eg heim til Hægebostad :)