Saturday, December 30, 2006

Ei julesoge

Det var overmåte fint å kome heim til juleferie. Etter veker med eksamensstress og julegåvehandling, er det lite meir ein kan ønskja seg enn å synka ned i ein mjuke sofa, og sjå nevøer og nieser utforske huset. Eg trur me undervurderer evnene til små born. Tenk kor slitsamt det skulle vore dersom me måtte krype opp i sofaer som var 1,5 meter høge, eller drukke melk av glas store som blomsterpotter. Når det gjeld språket, lærer småborna fort nye ord, ofte ved å bruke nye ord som ein høyrer frå erfarne snakkarar, utan heilt å vite kva det skal bety. Ikkje ulikt oppgåveskrivande studentar.

Trass i at ein ikkje skal gjere noko bestemt i julens høytidsdager, er det med ei viss kjensle av misnøgde at ein begynner å vakne til liv og etter kvart stå opp ut på ettermiddagen. Nieser og nevøer har i mellomtida funne det for godt å ta seg ein middagskvil, og det er stille og fredelig i huset når ein loffer inn i stova, mens ein førebur seg psykisk til kommentarar av typen: ”Neimen, er du oppe alt nå?”, ofte fremført med et umiskjennelig flir. Eit par røynsler i ferien har dog gjeve meg litt betre sjølvbilde på akkurat dette området. Synet av dorske fluger som sit i dør- og vindaugskarmar, og knapt er interesserte i at de er i ferd med å bli kasta ut der kvikksølvet kryp under vatnet sitt frysepunkt, eller tilintetgjort av en drapsmaskin av en skosåle, og det interessante faktum at ei bjørnemor føder omtrent halveis i vintersøvnen, men likevel fortsetter luren til utpå våren før ho helser på sine nye etterkommarar, har fått meg til å innsjå at eg relativt til desse er som ein morgonfugl å rekne.

Jula som høgtid er ei fin tid. Lesing av Skarsaune si bok om Inkarnasjonen har faktisk vore nokså oppbyggjeleg, trass i at ho var noe innfløkt til tider. Kor stort det er at Gud blei menneske! Eg vil forøvrig oppmode folk til å lese sangen i margen til høgre. Eventuelle fjellhaugstudentar som ikkje har høyrt Kjebekk synge denne, bør og om mogleg snarleg søkje å få den framført av han. Det er ei mektig oppleving ein seint gløymer.

Her i Bjærum skulekrins er det ein lang tradisjon for å skyte jula inn på julaften, ei stund etter at pinnekjøtet har funne seg godt til rette i magen. I år var me på denne sida av myra først ute med å smelle nokre hagleskot og eit par nødrakettar, som etter kort tid vart respondert med nyårsrakettar og sporlys over stjernehimmelen frå andre kantar. Med øyresus og lukta av kruttrøyk i nasen kunne ein så gå inn igjen i stova, og fortsette å pakke opp gåver. Slikt blir ein aldri lei av.

Det blei ikkje kvit jul i Krossen i år.

5 Comments:

At 12:35 pm, Anonymous Anonymous said...

Stiller meg litt tvilande til at julegåvehandlinga tok fleire veker...Ser ut til at einaste måten å unngå spydige "er du oppe alt nå?"-kommentarar på, er å halde seg vekke i jula

 
At 1:10 pm, Anonymous Anonymous said...

Rent poetisk og filosofisk Jørgen. Sammenlikningen med fluer og bjørner bør kunne brukes i et dikt og til å utvikle en ny teori innenfor læren om homo sapiens. Det med de små barna skal du ikke lure så mye på. Det er som en leke med Duracell batterier. Det funker veldig bra helt til batteriene er utladet!

 
At 8:01 am, Anonymous Anonymous said...

This comment has been removed by a blog administrator.

 
At 2:03 pm, Anonymous Anonymous said...

Snart på tide med en oppdatering?

 
At 1:24 am, Blogger Fidjeland said...

ja..

 

Post a Comment

<< Home