Wednesday, May 24, 2006

Hovednormalenhetsvektor? Who cares....

Som dei trufaste bloggvitjarane har erfart, har det vorte lite blogging med meg i den seinare tid. Dette har ikkje uventa samanheng med ymse tilstelningar i Nidarøhallen, eller la meg berre seia det rett ut: Eksamen, frykta av elever og studentar. Dagens eksamen var den fyrste i rekka, og gjekk nokså greitt. Vel, bortsett frå at underteikna ikkje tidlegare hadde høyrt om prinsipalvektor, også kallt hovednormalenhetsvektor. Who cares, eg skal nok klara meg gjennom livet utan å vite kva det er, men trass aktiv, tildels panisk, leiting i Rottmann (formelsamling, angivelig utgitt av en systematisk tysker red.anm.) klarte eg ikkje ei gong å tallfeste det. Sküffende..

Men det var utvilsomt godt å kome igang med eksamenar igjen. For når ein har undervisningsfri og snart skal ha eksamen, får ein dårlag samvit av alt anna enn å lese til eksamen. Gjeremål som resten av året går for å vere nedprioritert og kjedelig, til dømes oppvask, vert plutseleg ei kjærkommen avveksling. By the way, det er utrulig morosamt å studere verknadane av alt for mykje lesing og rekning i tilknytning til matematisk fundamenterte fag, fysikk, mekanikk og sjølvsagt matte. Her på hybelen kjem menneske ut av romma, ser tomt i veggen, sukker, mumler halvhøgt førsteordens differensialligninger mens dei åpner alle kjøkkenskapa på jakt etter noko å eta, for det meste utan resultat, for på butikken har ingen vore på evigheter..

Det er i slike periodar i livet ein veit å setja pris på dei fagra dagane i livet. 17. mai vart ein festdag utan like i år, då og me som er litt over ein alen lange kunne ta ein dag fri og nyte sola i Nidaros med godt samvit. I år vart feiringa litt spesiell, då eg som aktivt medlem av mannskoret Op og Fræm fekk den ære å spre meir eller midre harmonisk vellyd ut over byen (Jf. "La det runge fra gaten og Torget,"). Dagens høgdepunkt vart derfor å sjå vår mann i køen bestille 12 softis, 9 med sjokoladestrø, to med tutti-frutti og ein med sjokodip. I den anledning må eg berre fortelje ei soge frå tidlegare 17. mai-feiringar Op og Fræm-medlemmer har fått oppleve. Det hadde seg slik at korets representant i iskøen opplevde at personen som stod bak han i køen da han bestilte sine 15 softis, nøyaktig eit år tidlegare hadde stått bak han i den samme køen! Kva er sannsynligheita for noko slikt?

Apropo sannsyn, eg kom til å undre på ein ting i dag: Kva er sannsynligheita for at ingen eksaminander opplever at batteria på HP-30s kalkulatoren streiker i løpet av eksamenen? Desse små miljøbombene av nokre batteri er ikkje akkurat evigvarande, og når fleire hundre, for ikkje seie tusen, studentar skal ha matteeksamen, må det jo vere nokre uheldige. Er det i ei sådan stund lov å spørje eksamensvakten om ein kan låne høyreapparatbatteria?

Friday, May 05, 2006

Wanted

Fylgande hende i Trondheim by i haust. Eg sykla rundt på sjukehusområdet og registrerte plenar, bygningar, sykkelfelt o.l. til et prosjektarbeid i fysisk miljøplanlegging. Eg ante fred og ingen fare, inntil ein liten gjeng ungdommar begynnte å stirre på meg, diskutere flittig, før dei la på sprang etter meg. Lite klokt, spør du meg, då eg hadde sykkel, og relativt lett stakk av. Men dei gav seg ikkje, og ti minutt seinare kom dei gåande bort og spurde om eg var jaga av radio 1. Så vidt eg visste, var eg ikkje det, så dei gjekk sorgfulle bort.

Kvifor trekke fram dette på en sumardag som denne? Jo, på veg til skulen i de alt for tidlige morgenstunder idag blei eg endå en gong satt ut av spørsmålet "Er du jaget av radio 1?" Riktignok ser eg av og til som en zombie når eg kjem til Gløshaugen litt for tidlig om morgonen, men eg er redd inntrykket eg har hatt av meg sjølv som ein relativt umistenkeleg person står for fall. Ser eg rett og slett litt mistenkelig ut?

Wednesday, May 03, 2006

Brød og sirkus

Etter månader med uvisse har eg no tatt ei beslutning om å byrja å blogga. Grunnen til at dette har blitt utsatt i lengre tid er muligens av frykt for å med dette finna ut at det ikkje skjer noko særleg i livet mitt. Dessutan er eg i utgangspunktet litt skeptisk til å føra ei dagbokliknande greie på verdsveven. Kanskje er det mitt selvrealiseringsbehov som har fått gjennomslag, kanskje har eg kasta meg på ein trend, men uansett: Nå skal det bloggast, og det lyt bli - ja, kva skal eg seie - innhaldsmetta. Eg er nemlig delvis, bare delvis, motstander av ein masse tomsnakk, noko eg vonar dette innlegget er eit tydelig eksempel på.

Prekast

- Jørgen -