Friday, May 05, 2006

Wanted

Fylgande hende i Trondheim by i haust. Eg sykla rundt på sjukehusområdet og registrerte plenar, bygningar, sykkelfelt o.l. til et prosjektarbeid i fysisk miljøplanlegging. Eg ante fred og ingen fare, inntil ein liten gjeng ungdommar begynnte å stirre på meg, diskutere flittig, før dei la på sprang etter meg. Lite klokt, spør du meg, då eg hadde sykkel, og relativt lett stakk av. Men dei gav seg ikkje, og ti minutt seinare kom dei gåande bort og spurde om eg var jaga av radio 1. Så vidt eg visste, var eg ikkje det, så dei gjekk sorgfulle bort.

Kvifor trekke fram dette på en sumardag som denne? Jo, på veg til skulen i de alt for tidlige morgenstunder idag blei eg endå en gong satt ut av spørsmålet "Er du jaget av radio 1?" Riktignok ser eg av og til som en zombie når eg kjem til Gløshaugen litt for tidlig om morgonen, men eg er redd inntrykket eg har hatt av meg sjølv som ein relativt umistenkeleg person står for fall. Ser eg rett og slett litt mistenkelig ut?

2 Comments:

At 7:24 pm, Anonymous Anonymous said...

Syns ikkje du ser så veldig mistenkelig ut, viss du ikkje har anlagt trønderbart sidan sist eg såg deg. Var litt mykje blanding av bokmål og nynorsk på sida di, kva har skjedd? (Nynorskpoliti 2) PS. Kva er radio 1?

 
At 1:42 pm, Blogger Fidjeland said...

Språklege uhell er teke hand om, så no kan alle nynorsktilhengjarar lesa bloggen utan å uroast over feil. Takk for at du gjorde meg oppmerksam på feila! Radio 1 er ikkje uventa ein radiokanal.

 

Post a Comment

<< Home