Tuesday, April 24, 2007

Draum: Aqua-PC

I mangel på draumer som kjem når ein søv, tok denne skissa form i MsPaint i natt. Den kan framleis berre katergoriserast som draum, då det er langt frå sikkert at prosjektet nokon gong vert gjennomført. Ideen tok egentlig form medan eg gjekk på Fjellhaug, men har vorte liggande urealisert i bakhovudet lenge nå. Takka vera Vegars kampfisk, Bjart Gudleif, har imidlertid akvarie-interessa vakna igjen. Skissa skulle vera sjølvforklarande.



Fiskens art er foreløpig ukjent, datamaskinens spesifikasjoner likeså. Det er likevel nokre punkt som er vesentlige:
  • Den gamle påknappen på fjernsynet og knappane med tal skal om mulig fungera som hengholdsvis påknapp på pcen og numerisk tastatur.

  • Høgtalarane i fjernsynet skal sjølvsagt koplast opp mot datamaskinen. Då dei opprinnelige elementa forlengst har blitt tatt i bruk i andre høgtalarkassar, må det diverre skaffast nye.

  • Det er ikkje tilfeldig at ein har valgt å setje ein personleg datamaskin og akvarium saman til ein einhet. Datamaksinen skal vere vassavkjølt med vatn frå akvariet, som på si side nyttar straumen til kombinert rensing og omrøring. Tilsaman utgjer desse komponentane då ein industriell synergieffekt, eit høgt akta prinsipp i fagmiljøet på NTNU.

Takk til http://lars.gfxdesigners.com/ og http://www.dyberemening.dk/ditte/ for lån av bilete!

Og for å kome eventuelle spydigleikar i forkjøpet: Nei, eg har ikkje valgt utdanning med tanke på dette akvariet.

2 Comments:

At 11:32 am, Blogger Eldar Nikolai said...

Eg kan vel beskrive dette med eit ord....skremmande.... :P

 
At 11:03 pm, Blogger Eirik said...

Kå me ein framtid innen elektrofaget Jørgen? Og e det fjernsynet te Vegar som får unngjelde??

 

Post a Comment

<< Home