Tuesday, November 07, 2006

Luft i rørsle

Heftig vind på farten i Trondheim i dag. Det var så ein frykta at huset skulle gå av hengslene. Ånei, det er sant, eg er jo i ein by nå, og då vert visstnok tale om veret sett på som tørrprat. Dermed over til noko heilt anna: Det går rykter om at det skal ligge ein liten fotballbane neri hogget, trur dei kallar han Lerkendal. Det som er så tøft er at 30. november kjem det eit lag med navn Tufte IL til denne fotballbanen for å spele mot nokre lokale heltar frå byen her, som kallar seg rbk. Og Lars Olav Karlsen, nlm-gutt og nå fotballproff, har gitt ungdomsforeninga noen billetter til kampen. Trudde ikkje det var jul før i desember. Lite tvil om at det då, i likhet med alle kampar på Lerkendal, skal heiast på bortelaget.

På grunn av ei solid gangsperr i føtene utgjekk krik-fotballen i dag, men eg kunne jo ikkje seia nei til å slå Tolo i bowling etterpå, så det blei ein liten tur til staden. Eg måtte gje tapt for Jonan første runde, men vant rutinemessig/pga nybegynnerflaks (stryk det som ikkje passar) andre gong.

Sånn, nå skal baguettane i omnen. Må ha kveldsmat før geoteknikkøving. Natta

0 Comments:

Post a Comment

<< Home