Friday, November 17, 2006

China er tøft

Klokka er 02:34, Jørgen er trøtt, Jørgen skal ha kjemiprøve i morgon klokka 09.15, Jørgen får ikkje sove, Jørgen har avtalt å drikke kaffi på Gløs i morgon klokka 08.00, Jørgen lurer på om eit vekkjarur pluss x antall kalendernotat på mobiltelefonen er i stand til å vekkje han i morgon. Time will show (sitat Blodstrupmoen). Då svevnen ser ut til å utebli, kan eg jo fortelje litt frå den seinare tid.

Lørdag for snart to veker sidan var Op og Fræm med på den årlege "Lys i mørket"-konserten i Olavshallen. Fantastisk stor oppleving å vere forsangere på dei gode gamle bedehussangane i ny musikalsk drakt. Åsmund Flaten (tidl. pianør hos Are og Odin) skapte god stemning med flygelet, og friska opp sangane kraftig. Men litt bedehus-klang hang heldigvis igjen, med god hjelp fra det obligatoriske forspillet på "Han er min sang og min glede". Som kjent står Bymisjonen som arrangør av konserten, og personlig tykkjer eg det er bare sånn måtelig å stille opp for ein organisasjon som er så liberal og som prøver å gjere kristendommen til ei ver-snill-og-grei-så-blir-alt-bra, og hvis moral synest meir fundamentert på kardemommeloven enn Bibelen. Kirkens bymisjon gjer eit likevel eit fantastisk arbeid som betyr mykje for vanskeligstilte, så eg trur pengane som kjem inn går til eit bra formål. I fjor var det dog vondt å høyre korleis ein representant frå bymisjonen frå scena meir enn antyda at Jesu evangelium (= gode budskap) i bunn og grunn ikkj er meir enn at menneska skal vere gode mot kvarandre. Rune Larsen, som var årets konferansier, klarte derimot å gje kvelden ein tydelig kristen profil, i tråd med sangane som vert sunge, og avslutta med å minne oss om kor eit fantastisk håp vi har om eit liv i Himmelen etter døden. Takk skal du ha Rune! (er på fornavn med han nå..)

Den observante lesar vil no reagere ein smule på overskrifta. Kva i all verden har China med Bymisjonen å gjere? Svaret er: Ingenting. Men China er i besittelse av ein anseelig mengde sykler, som er eit undervurdert framkomstmiddel her i landet. Det forbauser meg at det kvar morgon er ei lang rekke med biler som står i kø på veien, når ein med sykkel kjem mykje raskare fram. For å prøve å bevise dette, utfordra eg i dag Vegar om kven som kom seg fyrst til Betania, han i BMW, eg på ein Diamant sykkel, egentlig Vegar sin det og. Hadde egenlig ikkje særlig tru på at det var håp, særlig då for Vegar kom fyrst ut av porten pga. ein treg sykkellås. Då han kom til hovedvegen kosta han av gårde, og då såg eg ikkje meir til han. For å spare tid hadde eg hanskane i jakkelomma til eg kom på sykkelstien. Sykkelstyre vart råka av ein voldsom resonnans då eg tok hanskane på meg. Eg trur vinkelutslaget på sykkelstyrer var minst 20 grader, frekvens 3 Hz, så det rista kraftig, men det gjekk godt. Etter å svinga unna ein legevaktoppsøkande person som brått kom ut av ein bil, sykla gjennom perleporten (konstruksjonsteknisk sitt bygg som går over veien), vart et liggande bak ein snigle av ein bil ned bakken frå Gløs. Etter litt aggresiv sykling mot kjøreretning i einveiskjørte gater, såg eg plutselig Vegar sin bil dundre forbi eit kvartal framom, og mens han parkerte på baksida av Betania, kunne eg sette sykkelen rolig frå meg ved inngangen, sette opp eit irriterande smil, og vente på at billisten skulle sjå seg slått. Konklusjon: China er landet. Trur nesten eg må studere der eit halvår.

Ps: Har overtatt pappa sitt digitale kamera, så nå har eg ikkje lenger noko god unnskyldning for at bloggen her er eit visuelt sett tamt syn, skal prøva å sprita opp litt med litt grafikk snarlig.

2 Comments:

At 12:42 am, Blogger marenioslo said...

pianist?

 
At 5:03 pm, Blogger Fidjeland said...

jo, det er vel egentlig betre norsk. Rune brukte imidlertid konsekvent begrepet "pianør" den omtalte kveld, og det var eit festlig ord, så..

 

Post a Comment

<< Home